Norsk juletreff i Addis Abeba
Sist oppdatert: 17.12.2009 //
Onsdag 16. desember var det stor norsk samling i hagen til ambassadør Kjemprud i Addis Abeba, kor alle nordmenn i Etiopia var inviterte. Gong rundt juletreet og framføring av julesongar skapte god stemning i strålande ettermiddagsol og rundt 20 grader. Julekaker, gløgg og ferske bollar vart servert.
Ridande på ein kvit hest kom også sjølvaste julenissen.
- Det var mange snille born tilstades her i dag, og fleire som sa dei hadde snille born heime. Eg klarte til å gje frå meg alle gåvene eg tok med meg til Addis Abeba. Eg kom frå Nordpolen via Bergen og kjem til å tilbringe tida fram mot jul i Aust-Afrika. - Eg kjem gjerne attende til Addis, sa julenissen då han rei ut i den etiopiske solnedgangen.
Elise og Josefine var særs glade for gåvene frå julenissen og Noreg-Etiopia pins frå ambassadør Kjemprud.
Framføring av julesongar skapte god stemning.