Industri Energi støttar HIV/Aidsprosjekt i Etiopia

Sist oppdatert: 24.02.2010 // Kampen mot HIV/Aids er ein kamp arbeidsgjevar og arbeidstakar må vinna saman, seier Zegeye Selassie, forbundsleiar i Etiopia. Industri Energi har vitja søsterforbundet i Addis Abeba, som har kome godt i gang med å integrera HIV/Aids i forbundsarbeidet.

 

-I Etiopia er HIV/Aids eit alvorleg problem, ikkje berre for dei som blir smitta, men for heile samfunnet. Av dei om lag 80 millionar innbyggjarane i landet, er anslagsvis 3 millionar menneske smitta av HIV. 1 million born har blitt foreldrelause pga epidemien, og landet lid når store delar av den produktive delen av folket døyr eller er sjuke.

Ethiopian Federation of Construction and Wood, BWI og Industri Energi
På det siste landsmøte i NTAF, før forbundet vart del av Industri Energi, donerte landsmøte 300 000 kr til BWI (Building and Wood Workers’ International) sitt engasjement i kampen mot HIV/Aids. Pengane har gått til eit 2-årig prosjekt i samarbeid med det etiopiske søsterforbundet: Ethiopian Federation of Construction and Wood.

Ole-Kristian Paulsen og Amalie Hilde Tofte vitja søsterforbundet i Addis Abeba i byrjinga av februar, og begge er mektig imponert over kva forbundet har fått til etter 1 år. Trass i at forbundet organiserar ei gruppe arbeidarar som er særs utsett i høve til smitte, har dei ikkje hatt ressursar til å fokusera på HIV/Aids. Ved hjelp av finansielle ressursar frå Norge og assistanse frå BWI, har forbundet kome godt i gang med å integrera HIV/Aids-problematikken i arbeidet sitt.

HIV/Aids-strategi
-Første steg på vegen var å etablera retningslinjer for ein HIV/Aids-strategi i forbundet, fortel Paul Opanga frå BWI.  Retningslinjene er basert på eit studie av ulike arbeidsplassar, der målet var å finna ut kva arbeidsgjevarane gjer i høve HIV/Aids, kva kunnskap arbeidarane har, og kva praksisar som er etablert.
- Vidare har forbundet knyta kontaktar med andre aktørar som arbeidar med HIV/Aids, deriblant CETU (landsorganisasjonen), Ethiopian Business Coalition against HIV /AIDS og arbeidsdepartementet. Ved hjelp av dette nettverket har forbundet identifisert mogleikar, utfordringar, strategiar og praksisar for å betre leve- og arbeidskåra for arbeidarar som er smitta av HIV eller har utvikla Aids, seiar Opanga.
I løpet av 2010 vil forbundet ha på plass ein eigen HIV/Aids-strategi.
Zegeye Selassie, leiaren av forbundet, er stolt over arbeidet forbundet gjer.
 – For 8-10 år sidan var det få som hadde kunnskap om denne sjukdomen og det var ikkje noko me snakka ope om. Dette har endra seg, og nå arbeidar me for å få HIV/Aids som tema i tariffavtalar.

Trepartssamarbeid
Både landsorganisasjonen, arbeidsdepartementet og Ethiopian Business Coalition against HIV /AIDS legg vekt på at fagrørsla, styresmaktene og arbeidsgjevane har eit samfunnsansvar i høve til HIV/Aids. Ein av strategiane er å etablera HIV/Aids-komitear på arbeidsplassane. Desse komiteane skal bestå av representantar frå arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, og skal sikra at bedriftene har gode rutinar for å spreia informasjon om sjukdomen og handtera arbeidarar som blir sjuke. I følje arbeidsdepartementet er det lover som hindrar diskriminering av sjuke arbeidarar, men Selassie seiar at desse diverre ikkje vert respektert av alle arbeidsgjevarane.
 – Dersom ein er utsett for ei arbeidsulukke kan det henda at du får 3 månadsløner og sparken. Det seier litt om kva ansvar arbeidsgjevarane tek. Mange arbeidarar står ikkje fram med diagnosen sin i fare for å mista jobben, trass i at dei i høve til lova har rett til sjukepengar og lettare arbeidsoppgåver.

Forbundsleiaren fortel vidare at einskilde arbeidsgjevarar også prøvar å tvangstesta arbeidarane for å hindra at ein tilset personar som er smitta.
Det private næringslivet er skeptiske
Det er ein lang veg å gå for å få den private sektoren til å engasjera seg i HIV/Aids-arbeid. Tadesse Tekallign Wekneh i Ethiopian Business Coalition against HIV /AIDS forklarar dette ut frå at det private næringsliv tenkjer profitt, og ser på dette arbeidet som ein meirkostnad.
 - Me samarbeidar med fagrørsla, men har ein annan innfallsvinkel når me snakkar med private næringsdrivande. Me informerar om korleis dei kan driva HIV/Aids-arbeid, og korleis dette vil vera ei investering for bedrifta. Ein tapar pengar når arbeidarane vert sjuke og døyr, og det vil difor løna seg å investera i kunnskap om sjukdomen, la arbeidarane få testa seg anonymt, samt  tilby helsetenester og medisin.

Internasjonal solidaritet
Zegeye er takksam for samarbeidet forbundet har med fagrørsla i Norge.
- Før me vart medlem av BWI visste me ikkje noko om internasjonal solidaritet. Nå har me samarbeid med LO, Fellesforbundet i Drammen og Industri Energi, og får hjelp og råd frå BWI. Det er godt å vita at me står saman om å løysa alvorlege problem.

Kulturell tilnærming

Kaffiseremoni er ein viktig del av den etiopiske kulturen, og eit tidskrevande ritual. Først vert det lagt ut gras på golvet, og ein liten omn med kull vert klargjort. Dei grøne kaffibønnene blir rista i ei panne på omnen til dei er svarte. Forsamlinga godkjenner bønnene og luktar på dei, før dei vert kverna.  Kaffien vert så kokt i tradisjonelle kaffikanner. Røykelse ligg tungt i lufta medan kaffien vert servert og ofte vert det poppa poppkorn til slutt. Industri Energi fekk vera med på ein slik seremoni på møbelfabrikken Vanza.
Forbundsleiar Selassie forklarar ivrig kor viktig seremonien er, og korleis ein kan bruka slike sosiale samlingar til å informera om HIV/Aids på ein uformell og open måte.  Sjukepleiaren, som er tilsett i bedrifta, legg til at fleire har nytta høve til å stå ope fram som smitta etter slike samlingar, og har seinare blitt viktige aktørar i informasjonsarbeidet i bedrifta.
Les meir på engelsk via denne linken: http://www.bwint.org/default.asp?Index=2514&Language=EN

 


 


Kilde: Amalie Hilde Tofte   |   Del på nettet   |   print