I juli 1967, da eg var nesten sju år, møtte eg min første neger. Det var Abebe Bikila. Halvt gjømt bak mor mi torde eg knapt sjå bort på han, for han var olympisk meister. Født som sportsidiot visste eg at Abebe tok gull på maraton under OL i Roma i 1960. Ingen hadde hørt om mannen som sprang berrføtt på brusteinen og sette ny verdsrekord. Han vart den første afrikanaren som tok medalje i eit OL. Fire år seinare vann han gull igjen, i Tokyo, på ny verdsrekord, i nye, kvite turnsko.
Så eg klip meg i armen og bit meg i tunga og grev meg i nasen, og ser Abebe Bikila trippe rundt med startnummer på brystet, klar for Femundløpet 1967. Ein skokk mannfolk trampar i veg når startskotet smell, berre ikkje Bikila. Han svever, flyg tre mil i norske fjell og kjem til mål i einsam majestet, for dette er den rette keisaren av Etiopia og heile verda.
Far min stiller i klasse 50 år og får eit kvarters forsprang på racerane, men midt inne på fjellet fyk Abebe forbi, akkurat der det surklar i søkkvåt myr. - Bikila sprang så lett at han ikkje laga ringar i vatnet! påstår far min.
Så Abebe blir Helten eg held meg med, sjølv når Dag Fornæss tar trippel (NM, EM, VM) og Charlie George avgjer for Arsenal på Wembley.
Eit stykke frå Bikila-statuen i Addis Abeba møter eg ei sjanglande kvinne. Ho er knapt synleg under børa som gyngar tungt kvar gong ho tar eit steg. Den digre bunten er eukalyptusgreiner, samla i liene opp mot Entoto-fjellet. Bak henne kjem enda ei kvinne, skal bli. Jentungen kan knapt vera ti. Lasset er mindre, men like stort for kroppen.
Addis ligg 2600 meter over havet, Entoto enda nokre hundre meter høgare, og i den tynne lufta går desse senete kvinnene både tjue og tredve kilometer kvar dag, med bører som kan bli tyngre enn dei sjølve. Opp i lia etter eukalyptus, ned bakkane med lass som gneg på rygg og skuldrer, velte av seg børa på vedmarknaden, gå opp igjen etter ei ny, steg for steg, frå daggry til solnedgang.
På dette tener dei kanskje fem kroner dagen. Slik brødfør dei familien.
Marknaden ved foten av Entoto er eit usortert mylder av skur og varer og farger og folk og fe, og i vegkanten; alltid vedberarane på stille marsj. Småjenter, mødrer, bestemødrer. Eit dusin kvinner duvar mot meg ned Entoto Avenue i tett rekkje, med gamlemor først. Eg peikar på kameraet og spør ordlaust om å få ta bilde. Ho svarar munnrapt på amharisk. Eg tolkar det som ja, og spør på kroppsspråk og engelsk kor langt dei har gått. Kvinnene ler sjenert men hjarteleg av svaret hennar: - Vi reknar da ikkje stega, kviting!
I ei sidegate ligg organisasjonen som tilbyr berarane vev i staden for ved. Women Fuelwood Carriers Project er støtta av ILO. Her vev dei vakre sjal. Barnehagen på gardsplassen har plass til 50 ungar, som kanskje slepp å bli vedberarar, for ein krumbøygd tiåring er ikkje noko framtidsretta syn.
Det finst millionar av krumbøygde kvinner i Etiopia. Det er dei som ber lasset. Jentene ber rundt på småsøskena sine. Sia ber dei vatn og ved og mat og fôr og alt som skal til i eit stort, tørt land med 80 millionar menneske, som nesten alle bur på bygda.
Og der nesten alle er bønder, som jenta på åkeren i nord, i Tigray. Ho går rundt og rundt i ring saman med fem store stutar. Dei tresker korn. Ringen er ti meter i diameter. Han ligg mellom store, runde såter der kornet er lagra med akset inn og stråenden ut. Stråa blir spreidde utover i ringen. Oksane går i breidd og fintrør kornet. Jenta går tett bak dei digre dyra, og styrer dei med rop og klaps og ein liten kjepp. Far hennar kastar unna halmen etter kvart, og hiver inn meir å trø på.
Horna til oksane er tjukke som låra til jenta, men går som ho vil, i time etter time, i støvet under sola. Ingen hodyr får sleppe inn i ringen. Skulle familien ha for få oksar til treskinga, skøyter dei på med ein hingst eller eit esel eller ein geitebukk, aldri ei breiklauva ku. Inne i den magiske ringen er det mannleg kraft som rår. Slik held jorda seg potent og fruktbar. Denne sjølvsagte sanninga kan du berre glømme å diskutere, i landet som var det andre etter Armenia til å ta mot kristendommen.
I dette bibelske landskapet innkasserer eg ein sjeldan, gammaltestamentleg triumf. Oksane har stramme band rundt mulen. Det hindrar dei i å opne munnen og forsyne seg av avlinga. Men Bibelen gjer det klart at du ikkje skal binde mulen til oksar som tresker, dei har fortent sin del. Alle koptiske karar eg kjenner blir svar skuldig stilt overfor dette lovbrotet, for her lever dei etter teksta.
Du ser sjeldan jenter i den magiske ringen, men denne småbrukaren har to døtrer, mykje arbeid og lite tid. Minstejenta ser stolt på storesøster og sky på meg. Timane og oksane og jenta går. Før mørkret fell over høgfjellsplatået i Tigray, har såtene blitt til sekker med korn.
Verdspressa skreiv at Abebe Bikila først begynte å løpe da han var 24. Dei forsto ikkje at han hadde sprunge heile livet. Han var gjetargut, som alle andre.
Nokre gonger ser du ikkje folk i Etiopia. Du kan for eksempel stoppe Landroveren på ein smal grusveg utan grus 3500 meter over havet, sjå utover aude fjelltoppar og tenkje at her passar det fint å slå lens. Men før du kjem i posisjon blir du var ei rørsle, og langt der borte i fjellsida er det noko som spring så småsteinen sprutar og kaktusen knekk. Knapt får du drege opp glidelåsen, så står han der med ein lang stav i handa og eit stort smil i fjeset: - Forensji! (Hei på deg, din snåle utlending!)
Dette er gjetarguten. Han passar sauer eller geiter eller kyr eller oksar eller hestar eller esel eller dromedarar eller alle på ein gong, han vil alltid legge på sprang straks han ser bilen din – sjølv når han umuleg kan nå fram til vegen før du har passert – og han vil aldri be deg om pengar, så sant han ikkje bur i tettbygd strøk. Men han vil bera eit håp, og det er dette håpet som får han til å springe.
Gjeting er lange dagar, dryge avstandar, stort ansvar. Eg har til gode å møte ein usympatisk gjetargut. Far min var gjetar, ofte einsam på setra, aleine med ansvaret. No er han 92, og redd for bjørn.
Nord for Mekelle svever ei jente. Kvar gong tåballane er nedpå skyt ho fart, som om den tørre bakken er ein trampoline. Det vide skjørtet flagrar. Ho smiler og vinkar betre enn den norske kongefamilien, men gjer det i firsprang, attmed bilen vår nedover den fruktbare dalen, vektlaus utan bør.
Eg prøver å springe i Mekelle. Straks har eg ein sverm av jublande ungar og bjeffande bikkjer rundt meg. Heime ville det vore ein einsam joggetur. Her blir det eit støyande opptog. Eg likar det i grunnen ikkje. Dessutan spring ungane fortare enn meg.
Slik som vesle Daniel. Han har gått i to timar for å hjelpe far sin med å passe huset vi leiger, for skranglebussen kostar ei krone, og for den prisen kunne han gjerne gått to timar til. Daniel går rett frå skulen på den andre sida av Mekelle, provinshovudstaden i Tigray, avløyser far, gjer lekser, triksar med fotballen min, overnattar på vaktrommet og er ute på vegen igjen klokka null om morgonen, for her startar klokkene når sola står opp og kvitingklokkene viser 6.
- Det er langt å gå, Daniel!
- Langt?
Han ser forundra på meg. Trekkjer på skuldrene, slik du gjer når nokon seier noko dumt, og du er altfor høfleg til å påpeike det. Eg er så dum at eg må ha fleire månader før eg forstår: Tid er kva som helst, berre ikkje pengar.
Daniel er 12, kjapp i hovudet og beina, snakkar engelsk betre enn nesten alle og har for lengst kartlagt verda, som heng på vaktrommet. Han peikar mot nord. Verdskartet er skrifta på veggen: - My ambition is Europe.
Han har den raude Manchester United-drakta på seg når han går, når han et, når han søv.
- Eg vinn fordi eg elskar å løpe. Dei andre hatar det, sa Abebe.
Han skulle aldri fått den folkevogna av Haile Selassie. Bilulykka i 1969 gjorde han lam frå livet og ned. Men når eg fortel imponerte etiopiarar at eg møtte Abebe, seier dei at han ikkje kunne stansast, for den lamme løparen vart verdsmeister på noko som heiter snø i eit land som heiter Norge. Målgangen med hundespannet i Ridderrennet i 1971 vart den siste. Han døydde to år seinare.
Abebe Bikila var ein sensasjon. Den einaste sensasjonen afrikanske løparar skaper no, er når dei ikkje vinn. Eg ser på den etiopiske sportsrevyen, som alltid begynner med ein berrføtt Abebe, og tenkjer på munnhellet OL-gullet skapte: Det måtte ein italiensk armé til for å erobre Etiopia, men berre ein etiopiar erobra Roma.