Nytt studentopptak
I grupper og enkeltvis kjem dei inn porten for å registrera seg for opptak ved Arba Minch Mekane Yesus Technical College (AMMYTC). Den tidlegare yrkesskulen er blitt ein ettertrakta studieplass. Det er mange fleire studentar som registrerer seg enn det vi kan ta opp.
Av dagstudentar har vi teke opp 5 klassar i haust med 25 - 30 stk i kvar, omlag 140 studentar i alt. Dei starta 03. oktober. Det er dei siste dagane også teke opp ca 140 kveldsstudentar, tilsaman 280, ein auke på over 100% frå året før. Vi har i haust utvida med ny Elektrikerlinje, i tillegg til Informanjonsteknologi (IT) og Bilmekaniker-linje (Auto Mechanic).
Nye lærarar
Med auka studenttal aukar behovet for lærarar. For IT-linja er det tilsett 2 nye. Samarbeidet med ho som tok til for eitt år sidan ser ut til å gå veldig godt.
For Elektrikarlinja er det tilsett ein hovedlærar og ein assistent. Desse arbeider også godt saman. Så langt ser det ut til at vi har vore heldige med alle desse tilsetjingane. På bilmekanikarlinja har vi dei to same lærarane som tidlegare.
Til kveldsstudentane treng vi også lærarkrefter, men det er det forholdsvis greitt å få tak i, for her er mange som underviser på Universitetet eller andre college som gjerne vil ha litt ekstraintekter med kveldsundervisning frå kl 17.45 – 20.15.
Ny elektrikar-linje
Skulemyndighetene frå Awasa har nyleg vore og godkjent den nye elektrikarlinja vi har søkt om å starta med frå i haust. Dei var svært nøgde med både klasserom og utstyr. Mykje av det elektriske utstyret har vi fått frå NLM i Addis Abeba og ferieplassen i Awasa, utstyr som ikkje var i bruk, men som er godt til øvingsmateriell for studentane. Det er komfyr, symaskin, kaffikokar, strykejern og mykje anna el-utstyr, to lass har vi køyrd.
Men skulemyndighetene stilte ein betingelse som var på grensen av det vi kunne greia. Dei forlangde eit undervisningsrom til med minimum 20 PC-ar til undervisning i bruk av computer for elektrikar- og bilmekanikar-studentar. For IT-studentane har vi frå før to klasserom med ca 35 PC-ar.
Heldigvis fekk vi kjøpe 30 brukte/oppgraderte PC-ar med ett års garanti, frå same organisasjonen som vi kjøpte frå tidlegare i Addis Abeba. Dei er importerte frå England.
Stipend
Ved hjelp av stipend frå Toyota Norge er det 15 studentar som har fått støtte til dekking av skulepengar og hybel. Desse kjem frå heimar der det berre er ein forsørgjar eller der begge foreldra er døde. Dei har alle si eiga historie om store utfordringar i oppveksten. I tilegg har Toyota Norge støtta oss slik at vi har kome i gang med vedlikehald av klasserom, internat og toalett.
Stor dugnadsdag
Med aukande studenttal trengs det nye klasserom. I ”containerbygget” som blei planlagt av Oscar Nydal og bygt av ein etiopisk bygningsmann, Ato Frew, fann vi eit stort godt rom mellom to av containerane, som kunne innreiast til klasserom. Lørdag 15. okt vart det difor arrangert dugnadsdag.Veldig mange tilsette møtte opp og rydda romet reint. Mandagen starta snekrar med å spikre opp innvendig tak og snart skal det vera ferdig til klasserom.
Eit anna gildt arbeid vi fekk starta på denne dugnadsdagen var å finne eit høvelege tre til senterstolpe i den nye kaffeteriaen. Vi fann eit Terminalia tre med kraftige, flotte sidegreiner som skal bæra taket, og så fann vi solide Acasie-stolpar til veggen. Desse skal stå i jorda og må vera sterke mot termittmauren. Kaffeteriaen skal ha grastak og bli som ei stor stråhytte. Det meste av materialene kan vi finna her på tomta. Eit godt samarbeidsprosjekt. Som ”lønn” for arbeidet vert det båttur på Chamosjøen for å sjå på krokodillar, flodhestar, pelikanar og fiskarar. Få av dei tilsette har vore på Chamosjøen før.
Inspirasjon
Kvar morgon startar med andakt i eit stort klasserom fullt av studentar.Det er inspirerande å stå framfor ei slik forsamling. I tillegg til oss som er knytta til colleget kjem mange andaktshaldarar frå Mekane Yesus kyrkja og frå Hospitalet. Slik vert det eit variert inhald.
Utfordringar
Læraren som vart tilsett for å ha ansvar og undervisning for elektrikar-studentane sa opp den dagen undervisninga skulle ta til. Med stor aktivitet frå dei tri etiopiske leiarane ved colleget fann dei fram til ein ny lærar i Wollega-provinsen. Han hadde ikkje starta i nokon annan jobb, difor tok han utfordringa og kom straks. Ein kristen lærar som ser ut til å finna seg vel tilrette mellom kollegaene her.
Ei større utfordring er skulemyndighetene si omlegging av undervisningsplanar. For IT undervisninga er planen endå ikkje klar ein og ein halv månad etter at undervisninga starta.
For colleget er det ingen økonomisk støtte å få frå etiopiske myndigheter. Også det meste av støtta frå Norge har opphøyrt. Difor er det viktig å få til produksjonar som gir intekt til colleget.
Dei tri etiopiske leiarane, Damtachew – rektor, Amanuel – inntekt, Zoria – undervisning, ynskjer å uttrykkje ein varm takk til NLM for at de lot Brit Signe og eg få reisa til Arba Minch og vera med dei i den krevande oppstarten av colleget der driftskostnadene må dekkast av eigne intekter.